Frumgermansk hadde frå dei tri frumindoeuropeiske stoggrekkjone fenge rekkjone /p t k kʷ/, /ɸ θ x xʷ/, /b~β d~ð g~ɣ (gʷ~ɣʷ)/. Det er vanskeleg å segja at frumgermansk hadde meir enn éi rekkja av stoggar eller tvo. Dei klangføre viste seg både som stoggar og som frikativar. Desse hadde mange samse utviklingar i dottermål, men det er serlegt skilnadene som fortener åtgaum.
I framljod (heilt fremst i ordet) og i mange samband (iallfall rett etter nasalar) vart den klangføre rekkjo stoggeljod [b d g] i alle dottermål med eitt viktig undantak. I gamalengelsk og nederlandsk vart g verande som frikativ i framljod [ɣ-] (òg [χ-] serleg i Nederlandi). Provet fyr gamalengelsk ligg i at svekt g var [j], men usvekt g vart seinare [g-] og mykje [g-] kom òg inn ifrå gamaldanske lån (t.d. give og skotsk gie i staden fyr y-). På nederlandsk finst det enno ikkje noko /g/ fonem utan i nokre veldig nylege låneord. Låneord hev elles i hovudsak fenge frikativ uttala, t.d. garage /ɣaːˈraːʒə/.
Det vil segja at me fekk [b d (g)] i framljod på germansk og mange trur at detta gjeld på frumgermansk au. No manglar me å sjå på innljod og utljod.
Ei sams utvikling fyr alle germanske dottermål er at *f þ (men ikkje h hʷ som) vert klangføre etter vokalar (i vestgermanske ikkje i utljod, i di utljodande frikativar alltid er klanglause). Detta leidar i mange tilfelle til samanfall, men men ofte ikkje av di vestgermansk fyrst gjennomgjeng sterking av dei klangføre til stoggar, men detta på ulik måte. All vestgermansk misser all gamal [ð] og fær gjennomført ein [d], elles er det berre høgtysk som gjer det same med b og g (β ɣ > b g). Understandande tabell illustrerer detta tydeleg.
Frumgermansk | Tidleg høgtysk | Vestgermansk elles | Nordgermansk |
---|---|---|---|
*β, *ɸ | b, v | v | v |
*ð, *þ | d, ð | d, ð | ð |
*ɣ | g | ɣ | ɣ |
Nordgermansk hev altso eit samanfall av klangføre og klanglause plosivar i innljod, medan vestgermansk berre hev det fyr dei labiale utan høgtysk som ikkje hev det.
Seinare gjennomgår tysk den høgtyske ljodskuvingi som gjer at upprinneleg d vert ein t (etter at upprinneleg t vert ts/ss). Etter detta hender det eit felagsvestgermansk (med undantak av engelsk!) brigde slik at ð og þ (som no òg i framljod vert klangfør) vert [d]. På måten hamnar då ikkje-høgtysk vestgermansk på same stìg som nordgermansk med at det er samanfall av dentale frikativar òg i framljod men i [d] i staden fyr nordgermansk [ð].
På den måten er det då berre engelsk og høgtysk som skil upprinneleg ð og þ i innljod i dag og berre høgtysk som skil upprinneleg β og ɸ i innljod. Detta kann me sjå i nokre døme:
Nederlandsk og norsk hev konsekvent same konsonant d som på norsk upprinneleg var [ð] men no er burtfallen heilt i flestalle målføre, men på nederlandsk er [d] (som òg er burtfallen i nokon grad). Tysk og engelsk hev derimot ulike konsonantar i dei fyrste tvo enn den i den sidste.
Det finst veldig fåe døme på -f- i innljod på frumgermansk som hev kognatar i alle greiner, so det er ikkje mogleg fyr meg å laga same demonstrasjon av upprinneleg β og ɸ der diverre, men her er det berre tysk som skil seg ut med sin [b] medan me andre hev [v].
Detta gav eit system der det fanst i framljod fanst tri ulike slags fonem ein kunde ha på nordgermansk: p t k kʷ, f þ h hʷ eller b d g, medan det i innljod berre fanst p t k kʷ og [v ð ɣ]. Det var altso ikkje noko skilje millom klangføre stoggar og klanglause frikativar i den stodo, og detta er grunnen til at ein i hovudsak skreiv [v ð] med F og Þ. Seinare skreiv ein òg [ð] med D som Aasen, og sidan det ikkje er noko skilje her funkar det like godt. Ein kunde sameleis skrive [v] med B men det er det ingen som hev gjort.
Ein hev òg alltid skrive [ɣ] med G og her kunde H òg veljast i staden fyre og det kann ein finna i nokre runesteinar, men i neste seksjon skal eg venda attende til H, som det er fleire gode grunnar til at ein ikkje vil blanda i hop med [ɣ]. Ein skreiv altso dei klangføre innljodsljodane [v ð ɣ] med f þ/d g. Noko liknande finn ein i nederlandsk men dei tok som høgtysk til seg å bruka w fyre [w] der me på nordgermansk brukar v, og hadde då råd bokstaven v fyr [v]. På tysk vart denne v-en òg tidleg klanglaus [f] og detta er grunnen til V står fyr f-ljodar på tysk. [w] er imidlertid berre noko ein finn enno på engelsk og i nokre austnordiske målføre. Elles er det vanleg at han blir ein V som då fall i hop med [v] skriven f, kvifor me no skriv han med v på norsk og færøysk.
Som fyrr nemnt var det berre /ɸ θ/ som vart klangføre i innljod. Fyr /x xʷ/ er eit anna brigde relevant. Detta hev truleg samband med at dei gjennomført vart glottale frikativar [h ʍ] i staden, fullkome i framljod. På nordgermansk ser me ingen beine refleksar av *h hʷ i innljod. Gjennomført hev det leidt til lengjing av vokal og evt. etterstandande konsonant. I vestgermansk vart han halden på som [x] i samband med etterstandande konsonant og i høgtysk var han òg halden på i innljod i lang tid men burtfall seinare (do ikkje i skrift). I samband med etterstandande konsonant kverv han etter kvart i standardengelsk òg men ikkje i skrift og helder ikkje på skots. Detta er klårast ved å sjå på nokre døme:
Gjennomgangande ser me ingen beine spor av gamal [x(ʷ)] på nordgermansk men tydelege spor eller beine refleksar i vestgermansk. Engelsken misste sin [x] so seint at han enno er skriven med 〈gh〉 trass i at han no er burte eller stundum yvergjengen til /f/.
Allarsidst skal eg uppsamla alt i endå ein tabell.
Grein\frumfrikativ | *β-, ɸ- | *ð-, þ- | *ɣ- | *h-, hʷ- | *-β-, -ɸ- | *-ð-, -þ- | *-ɣ- | *-x(ʷ)- |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Engelsk | b-, f- | d-, th- | g-/y- | h-, (w)h- | -v- | -d-, -th- [ð] | -w-/-y- < [ɣ] | -gh-, Ø |
Høgtysk | b-, v- [f] | t-, d- | g- | h-, w- [v] | -b-, (-v- [f]) | -t-, -d- | -g- | -ch-, -h- ([]) |
Nederlandsk | b-, v- | d-, d- | g- /ɣ-/ (> [χ-]) | h-, w- [ʋ~β] | -v- | -d- | -g- (/ɣ/) | -ch-, Ø |
Nordgermansk | b-, f- | d-, þ- (> -t/d) | g- | h-, hv- (> kv-, h-) | -v- | -ð- (> [Ø]) | -g- ([ɣ~g~Ø]) | (lengjing) |
Verdt å merka er at /ɣ/ i Nederland oftast er samanfallen med /x/ i [χ], men detta gjeld ikkje i hovudsak fyr belgisk nederlandsk eller eldre steg. Engelsk vokaliserte ganske tidleg gamalengelsk [ɣ] som òg fann stad på nordgermansk men ofte er [ɣ] i Noreg og Sverike herda til [g] (t.d. i laga). Slike gamle [ɣ] er òg vokaliserte i engelsk skrift og på skots. Sjå til dømes ordet sag: svensk såg, engelsk saw, dansk sav, nederlandsk zaag, tysk Säge, ...