I dag vart eg og sambuaren min ferdige med å spela gjenom Portal 2. Portal 2 er uppfylgjaren til det fyrste Portal spelet, som kom ut i 2007. Når rulleteksti var yver måtte me sjå ei uppramsing av heile soga i Portal-universet, som ikkje berre romar Portal og Portal 2, men òg alle Half-Life speli (som det finst rett fleire av). Då kom eg i hug ein tanke eg hev havt tidlegare, men no fall det meg inn endå klårare.
Half-Life 2 er ein beinleides allegori for den palestinske motstandskampen. Eg er langt frå den fyrste til å sjå samanhengar som desse, t.d. er det kjent at spelet tek fyre seg emne som fascisme, okkupasjon og undertrykking. Men eg meiner det er sérs tydelege linor som kann dragast millom ymse sidor av den palestinske saki og handlingi i Half-Life 2, og eg vonar eg fær tydt dykk yver.
Sjutimarstriden, eller ‘The Seven Hour War’ på engelsk, er storstriden som hender i romet millom det fyrste Half-Life spelet og Half-Life 2. Ein stor galakse-umfemnande samskipnad kalla ‘The Combine’ (som eg herifrå kjem til å kalla Sameinarane) kjem til jordi når dei fær nyss um nokre uvanlege rifter i tid og rom. Desse riftene var skapte av eit selskap på jordi, Black Mesa, som vilde røyna den spildrande nye portalteknologien sin. Som Sameinarane var kjende for elles i galaksen, for dei av stad til jordi for å sluka naturressursar og slengja den lovande menneskje-teknologien inn i den militærteknologiske samlingi si. Når dei so når jordi, gjeng SN til strid mot deim med det same, men på grunn av den heilt yverlegne militære makti til Sameinarane, tek det knapt sju timar for deim å leggja heile planeten under det totalitære styret sitt.
Som du nog hev skyna, er sjutimarstriden eit lite peik mot seksdagarstriden millom staten Israel og dei umkringliggjande arabiske landi, då dei tok seg inn i Gaza, Sinai halvøyi i Egypt, Vestbreiddi og Golan-fjelli. Detta lyt ikkje vera kontroversielt, i og med at skrivar Marc Laidlaw frå Valve som arbeidde på både Half-Life og Portal hev sagt detta beint ut (sjå bilætet nedanfyre). Striden førde umgjorde heile palestina-saki til ein strid um Gaza, Vestbreiddi og palestinsk sjølvstyre i desse umrådi, endå um palestinarane sjølve aldri godtok delingsplanen frå ’49. Seksdagarstriden hadde som fylgja at den samarabiske fronten mot Israel gjekk i uppløysing, og i tidi etter kvarv viljen til å stydja palestinarane i grannelandi. Litt enkelt sagt, førde striden til at Israel fekk meir aksept i Millom-Austen, og ordskiftet gjekk yver til å handla um korleis Israel meir andsvarlegt skulde «taka av seg» palestinarane.
På nett same måte, førde sjutimarstriden til at fullstyret åt Sameinarane fekk slå rot djupt i planeten. Verdsumfemnande folkemord vart utført yver heile kloten, og dei fåe byane som stod att, vart til det ein må kalla konsentrasjonslægeri for folki som yverlivde. Tidlegare Black Mesa-leidar Wallace Breen forhandla ei yvergjeving på vegne av jordi, og vart med det kunngjord fyrebils leidar yver jordi. Detta var ein reint symbolsk tittel utan røynleg makt, og fyremålet med å kunngjera Wallace som leidar var einast å gjera det lettare for Sameinarane å råda yver jordi.
Når me kjenner til kva som stig for stig hende med den palestinske motstandsrørsla i tiåri etter seksdagarstriden, er det heilt klinkande klårt at Wallace Breen fyller same rom i Half-Life-soga som Yasser Arafat gjer i palestinsk soga. Etter Oslo-avtalane på 90-talet, hadde den palestinske frigjeringsskipnaden sannkjent staten Israel og godteke ei vidare uppstykking av palestinsk jord. Den nye palestinske styresmakti, med Arafat som yverhovud, fekk no råda yver Gaza-stripa og nokre umråde inne på vestbreiddi, men aldri størstebolken av detta umrådet. Avtalane lét dei ikkje ha eigne militærstyrkar, slik at dei kunde utgjera nokon røynleg trugsel mot Israel. Fredsavtalane som Arafat stod i brodden for, førde ikkje til ekte fred for palestinarane, berre til hardare undertrykking, meir uppstykking av palestinsk jord og i det heile ei langt verre stoda for palestinarane. Arafat fekk verta den fyrste presidenten yver palestina, um ein so kann segja, men so hadde han helder lite politisk makt sett ovanfrå.
Sionismen, den etno-nasjonalistiske rørsla som i det store og heile er andsvarleg for staten Israel, vart til når tenkjarar som Theodor Herzl lukkast i å umdefinera ordet jøde frå eit etno-religiøst umgrip, til eit nasjonalt eit. Jødar frå alle mogelege nasjonalitetar var no av ein og same nasjon, nemleg den israelske, anten dei vilde det eller ikkje. Det hev i alle høve lite å segja for Israel, som gjev statsborgarskap til kven som helst so lenge dei er jøde. Palestinarar som vart utviste etter nakbaen, fær ikkje koma attende, um en dei budde der fyrr dei vart jaga ut.
På grunn av denne returretten er israelsk kultur er sers mangesidig. Det er lite i kulturen som kann segjast å vera «rot-israelsk», di det aller meste gjeng rett attende til kulturane i landi som israelarar kjem frå. Det israelske folket er med di ei slags samanslåing av mange ulike kulturar. Difor kann ein i samtalar med israelarar høyra påstand um at den beste israelske maten dei veit, er matrettar som hummus, falafel og shakshouka, matrettar som dei fleste hadde skildra som palestinske, syriske, marokkanske, eller berre arabiske.
Kann henda eg dreg han noko langt her, men eg trur ein kann sjå liknande drag hjå Sameinarane. Når Sameinarane ferdast kringum galaksen, slukar dei til seg andre artar og teknologien deira inn i heile det kolonialistiske maskineriet sitt. Soleides kann dei veksa og sluka endå meir, og soleides auka makti og legitimiteten sin. Det er nett difor dei heiter ‘The Combine’ på engelsk. Dei søkjer å tvinga til seg makt ved å få andre til å sameina seg med deim, slik at dei soleis kann vidka umkvervet sitt i endå større mun. Det er den same maktsøkjande grunntanken som ligg til grunn når Israel utnyttar brotstykke frå andre kulturar just som dei vil, med mål um at dei skal verka som ein legitim nasjon, medan dei gravlegg den upphavlege nasjonen på same jordi dei byggjer på.
Lite var det elles å segja. Eg hev ikkje noko godt svar på kva den interdimensjonale Zen-verdi, den psykadeliske romvesenarten Vortigauntane, og tyngdekraftvåpen skal visa til i denne jamføringi. Det er helder ikkje so viktigt, for eg trur eg fekk fram poenget mitt sånn halvveges, og trass alt er detta eit fyrstepersons skjotespel frå tidleg 2000-talet. Men same kor ein ser det, trur eg dei fleste kann semjast um at Half-Life er ei inspirerande soga um upprørsmot i kampen mot nærsagt ustandselege stormakter, og at minstemann kann få til det meste!