Gå attende til artikkeloversyn
Detta semesteret tek eg emnet LING2200 – Lingvistiske teoriar – på UiO. Eg hev fokusera mest på dei funksjonalistiske retningane. Av dei, fekk eg augo upp for role and reference grammar (RRG). Målet med detta stykket for meg er å setja meg litt betre inn i RRG, kva målet med det er og kva det freistar å gjera.
Tittelen på denne teigen er eit lite peik mot skepsis kring teoretisk ling :] er teoretisk lingvistikk berre rar psøydo-vitskapleg teoridyrking utan mål og meining? Er det abstrahering for abstrahering skuld? Lyt me halda upp med det her og no? Eg veit ikkje. Eg er berre BA-student. Men eg skal prøva å finna litt ut av det i detta stykket.
RRG byggjer på ein tanke um at semantikk og pragmatikk er den største funksjonalistiske motivasjonen attum syntaktiske strukturar. Med det meiner ein fyrst og fremst at det me menneske helst vil kommunisera, er det som legg dei største føringane for korleis grammatikk kan sjå ut i mål. Med andre ord stend den kommunikative funksjonen til mål i fokus.
Ein av dei fremste frontfigurane for RRG er Robert Van Valin, og for svar på kva dei yverordna måli til RRG er, hermar eg beint etter honom:
«Role and Reference Grammar [RRG] was inspired by both typological and theoretical concerns. The motivating questions for RRG were, ‘what would a linguistic theory look like if it were based on the analysis of languages with diverse structures, such as Lakhota, Tagalog, Dyirbal and Barai (Papua New Guinea), rather than on the analysis of English?’, and ‘how can the interaction of syntax, semantics and pragmatics in different grammatical systems best be captured and explained?’»
Dette er dei teoretiske restriksjonane i RRG:
Kva fylgjor hev detta? Vel: Subjekt finst ikkje. Det er mange mål der slike umgrip er meiningslause. Jf. tagalog og filippinske mål, der slikt ikkje er gjeve (meiner iaf folki attum denne teorien). Det finst berre éin syntaktisk representasjon i systemet, som svarar til den faktisk uttala formi til setningi. Det finst ingen fonologiske null-element, som traces eller nullpronomen. «Um det ikkje er noko der, er det ikkje noko der». Ulike lag med flytting, funksjonar og dilikt som ikkje kan sjåast eller provast, fær helder ikkje rom i teorien.
Då spør ein seg sjølv, kva for einingar er det RRG opererer med då? Dei elementi som RRG meiner er universelle for alle menneskemål (ja! Dei brukar faktisk det ordet!), er ein absolutt må ha for kommunikasjon. Mål vert bruka til å referera (visa til, snakka um, nemna ting) og predikera (karakterisera, segja noko um). Dei er universelle for di alle folk brukar mål til kommunikasjon, og den kommunikative funksjonen er det som avgjer kva som er «mogelegt». Desse funksjonane er:
Desse semantiske elementi dannar utgangspunktet for dei syntaktiske einingane som RRG nøyter:
| Semantiske element | Syntaktiske einingar |
|---|---|
| Predikat | Nukleus |
| Argument lisensiert av predikat | Kjerneargument |
| Adjunkt | Modifikatorfrase |
| Predikat + Argument | Kjerne |
| Predikat + Argument + Adjunkt | Clause |
Dei syntaktiske einingane er ikkje avgrensa til nokon serskild leksikalsk kategori. Til dømes, finst det ikkje nokon universell kategori ‘preposisjon’, og ein tilsvarande ‘preposisjonsfrase’, for ikkje alle mål hev adposisjonar; detta er berre ein språkspesifikk kategori som engelsk tilfellelega hev. I ein RRG-analyse av engelsk, kann både verb, adjektiv og NPar danna nukleusen i setningi. Ei serlega interessant fylgja av at predikatet er lagt tyngd på, er at kopulaverb vert analyserte som hjelpeverb. Dvs. at i ei setning som he is tall er kopulaet eit slags tempus-berande hjelpeverb, medan tall er predikatet, dvs. det som «karakteriserer» det ein «refererer» til. Dette er veldig annarleides frå x-bar, der syntaktiske einingar er endosentriske; hovudet i ein VP er ein V, og hovudet i ein NP er ein N. RRG gjer altso det motsette.
Hadde Shrek vore lingvist, hadde han trulega lika RRG, der setningi er som ein lauk. Setningi er ein lauk fordi han er bygd upp av fleire lag… Ulike ting modifiserer på ulike nivå. Noko på setningsnivå, noko på clause-nivå, og noko modifiserer einskilde argument. Dei ulike lagi er synte fram her.
Setning > Clause > Kjerne > Nukleus
Nukleusen hev predikatet i seg, som kan vera eit hovud eller ein frase. Kjerna har predikat + kjerneargumenta. Clause-en hev kjerna + alle adjunkti. Nokre mål nøyter ‘pre-core slots’, stillingar før kjerna, medan andre nøyter ‘post-core slots’. Det fyrste er stillingi til WH-element i Engelsk og Islandsk, og det andre finn ein t.d. i japansk som ei stilling der «tilleggs- eller kontrastinfo» kann setjast. Mål nøytar altso desse stillingane ulikt.
Clause-struktur i RRG har operatorar, som er lukka grammatiske kategoriar som TAM, neitting, og «illocutionary force» (IF i stutt; tenk talehandlingar/intensjon, dvs. um ytringi er meint som ein ordre, eit ynske, ein lyfte ). Desse kategoriane modifiserer ulike nivå, t.d. kann neitting merkjast anten i nukleus eller i kjerna, medan aspekt einast modifiserer nukleusen. Denne rekkjefylgja skal visstnok vera grunna på typologiske tendensar.

Det einaste som vert klassifisert som «universelt» her er neitting og illocutionary force (IF). Alle mål må på eikor visi nøyta neitting og IF, for di alle mål skal vera i stand til å kommunisera ting som ikkje er sant eller ikkje er til, eller ynske, ordrar, lyfte og ynske. Igjen, skal ikkje desse kategoriane skynast som nokon ibuande drag, men som naturlege kommunikasjonsfunksjonar som me treng fordi me brukar mål til å kommunisera med kvarandre.
Lauken nedanfyre skal syna korleis operatorane modifiserer på ulike setninigslag:

Hjelpeverbet did, som sit i pre-core slotet, gjev informasjon um tempus, ‘PAST’, og illocutionary force, ‘DEKLARATIV’. Kategoriane modifiserer på clause-nivået, for di informasjonen gjeld heile clause-nivået. Grunnen til at setninigslagi vert «spegla slik» er berre ein konvensjon RRG brukar for å sleppa masse stygge strik som kryssar kvarandre.
Operator-rekkjefylgja i RRG fyresegjer at morfem som uttrykkjer nukleus-operatorar ligg nærare nukleusen enn morfem som uttrykkjer kjerne-operatorar, og lengst undan nukleusen kjem morfem for clause-operatorar. Døme frå hovud-fyrst-mål:
Døme frå hovud-sist-mål:

Typologisk er detta ein tendens som er vorten observert (Bybee, 1985).
Slik lagdelt struktur gjer seg òg gjeldande i referansefrasar (argument). Tilsvarande modifiseringar gjer det mogelegt å analysera mål som Dyirbal, der bitane i konstituentar ikkje må standa attåt einannan.
Teorien tek ikkje i bruk umgrip som subjekt, direkte objekt og indirekte objekt for å freista å vera betre eigna til å skildra både akkusative og ergative mål. I staden for slike umgrip, nøyter teorien nemningi Privileged Syntactic Argument (PSA), som er eit konstruksjons-spesifikt hovudargument, dvs. det argumentet som konstruksjonen privilegerer.
Kva med umgrip som agens og patiens? RRG handsamar dei ulikt òg. Agentivitet er representert med ‘DO’, og er leksikalisert i verb som t.d. ‘myrda’.
Realiseringi av argumenti er synt fram som ein slags argumentstige, kalla ‘actor-undergoer hierarchy’ (AUH), med tvo yverordna ‘makroroller’: actor og undergoer.

Denne ‘stigen’ fungerer slik at det fyrste argumentet i setningi vert i regelen actor, medan det siste i regelen er undergoer.
RRG brukar denne inndelingi so ein kann gjera desse generaliseringane, kalla ‘PSA selection hierachy’:
a) Akkusativ konstruksjon: kjerneargumentet høgst på argumentstigen er standarden
b) Ergativ konstruksjon: kjerneargumenetet lægst på argumentstigen er standarden
c) Kva kann vera PSA i ulike mål?
RRG hev eit slags semantisk representasjonssystem som byggjer på aksjonsart, med tvo tillegg. Samla er dei: «state, achievement, accomplishment, activity, semelfactives og active accomplishments». Status – achievement – accomplishment-mynsteret er òg spegla i avleidingssystemi i mange mål. Alle desse kann òg vera kausative, t.d. hadde dei brote ned semantikken til ‘syna’ som ein slags leksikalsk kausativ av å sjå.

Som de ser nøyter RRG ags logisk struktur (LS) som byggjer på predikatstruktur, t.d. hadde dei representert aktiviteten ‘døy’ i setningi fisken døydde!!! som VERTA daud’ (fisk). Ein bryt ned (dekomponerer) tydingi til leksem inn i smærre tydingsbitar.
Detta er eit av umrådi der sjølv utviklarane av teorien sannkjenner at teorien er ‘umogen’, jf. detta frå handboki til Van Valin:
«There is also the need for research that will provide evidence of the scope of semantic primitives or at least give some indication of their potential cross-linguistic validity.»
«RRG acknowledges the need for a more detailed theory of semantic representation in order to justify semantic decomposition as well as the primitive states and activities upon which it is based. This requires the formulation of a representation that is not limited to syntactically relevant factors.»
Eg tolkar detta slik: me veit ikkje enno kor mykje me treng å brjota ned tydingar for ein tverrmålsleg lingvistisk teori, anna en at slike aksjonsart-kategoriar er kjekke å ha for di dei ikkje viser til syntaktiske tilhøve… Dei vil ha andre måtar å representera eller brjota ned tydingi til leksem som ikkje tek upp att umgrip for språkspesifikke ordklassar som verb og substantiv. Som kjent, styrer jo x-bar på med representasjonar for verb som ‘dansa’ [+V, -N] og so nokre tematiske rollor for å segja noko um argumentstruktur. Målet er å sleppa det (for di kategoriar som verb og substantive er språkspesifikke) men samstundes kunna segja noko um valens og talet på argument tverspråkleg, og semantiske tilhøve millom ulike ord. Det er jo audsynt at ‘å drepa’ er det same som å FÅ nokon til å døy. Men nett korleis ein skal sortera desse tilhøvi, hev altso ikkje RRG kome heilt fram til.
Ja!!! Ikkje sant??? Detta kallar dei faktisk for ein algoritme, som um mål er eit slags dataprogram… SJUKT.
Men i grunnen er det berre semantikk vert «umsett» eller «yverførd» til syntaks (det talaren, gjer; he tek det he meiner og uttrykkjer det språkleg), og umvendt, korleis syntaks vert yverførd til semantikk (det høyraren gjer, når he tolkar det som talaren segjer).
Detta systemet er delt inn i ulike stig:
Dei fyrste tvo stigi hev med leksikonet å gjera. Ein byggjer upp ‘tydingi’ frå predikatstrukturen til leksemet det gjeld. Stig 3-5 hender utanfyre leksikonet, og handsamar argumenti og korleis dei skal kodast morfosyntaktisk. Ein plukkar ut syntaktiske skjema og «sorterer» dei inn i ein slags syntaktisk representasjon...
Med detta kjem ein av dei større generaliseringane som RRG kjem med: Det er mindre typologisk variasjon i dei fyrste tvo stigi, og mykje større variasjon i dei andre. Detta skal styrkja upp mot hovudpåstandet til RRG, som eigenleg er hovudbolki av det teoretiske grunnlaget: di meir semantisk motivert noko er, di mindre tvermålsleg variasjon finn ein. Alt anna er litt det same korleis ein gjer; men alle mål må kunna uttrykkja tyding.
Detta skal, visstnok, skildra korleis mål generelt yverfører tyding til setningsstruktur. Akkurat korleis DEI VEIT eller TRUR at det må vera denne fylgdi, greider eg ikkje å finna heilt ut av, anna en at Van Valin skriv detta:
«This [the linking algorithm] is an idealization of what a speaker does (semantics to syntax) and what a hearer does (syntax to semantics). Hence the design of the theory makes it readily amenable to psycho- and neurolinguistic sentence processing models. Recently there has been experimental neurolinguistic research involving RRG as the grammar component of a sentence comprehension model (Bornkessel, Schlesewesky & Van Valin 2004, Bornkessel & Schlesewsky 2006a, 2006b, Van Valin 2006, Bornkessel-Schlesewsky & Schlesewsky 2007). The success and explanatory power of this model can be taken as support for the RRG linking system.»
Eg måtte leita ganske lenge fyrr eg fann eit stykke som problematiserer denne sida av RRG. I ein artikkel kalla "radical role and reference grammar", som prøver å argumentera for å fjerna heile lenkingsalgoritmen frå RRG, segjer dette: algoritmar er nyttige i dataimplementeringar av teoriar (som må vera det den forskingi Van Valin talar um handlar um), men det tyder ikkje at han segjer noko um menneskekommunikasjon.
Den same artikkelen problematiserer i grunnen veldig mykje av RRG, òg den semantiske representasjonen (LS). "The motivation of this meta-syntax remains unclear."
Det er absolutt ting eg likar her, serlega korleis ein styrer undan umgrip som subjekt/direkte objekt og verb/substantiv. So er det fint å sjå ein freistnad på å modellera syntaks uavhengig av slike kategoriar, t.d. argumentstigen (AUH), PSA-prinsippi, og ein syntaktisk struktur bygd på ei einfelt trideling millom predikera – referera – modifisera, som hev praktiske kommunikative funksjonar. Det er forfriskande og nytt.
Ein annan kommentar, er at tyngdi på umgripet predikat kjendest godt for meg som hev halde litt på med arabisk. Predikat er noko som er vorti veldig intuitivt for meg; det er den luten av setningi som segjer noko um hovudargumentet. At arabiske setningar med berrt [argument + predikat]-struktur er noko litt meir en berre å ‘mangla kopula’ er òg audsynt um ein kjem frå arabisk, for so snart ein set inn kopula-verb må det andre argumentet taka akkusativ, ikkje nominativ som ein hev kopula-lause setningar. At kopula-verb vert skildra meir som eit slags hjelpeverb som gjev TAM-info um clausen, tykkjer eg òg er spennande.
Når det er sagt, tykkjer det er mykje som var innfløkt, dålegt og vanskelegt å skyna seg på her. Heile det semantiske representasjonssystemet innrømer dei jo sjølve at ikkje gjev heilt meining, og å fyresetja ei slags lenkingsalgoritme som visstnok skal umsetja tyding til setningsstruktur gjev ikkje meining for anna enn dataprogram. Det er serleg skuffande, sidan dei hævdar å sitja på god nevrolingvistisk og psykolingvisstisk empiri som skal stydja det, men slikt er lite dryfta i litteraturen eg hev lese til no. Å leggja fram den empirien lyt vera noko av det fyrste ein gjer i ei slik utgreiding. For kva er elles vitsen? Skal ein synsa seg fram til ein teori, eller bruka data og forsking og so testa funni for å finna ut korleis ting funkar? Generelt var det fleire sidor av teorien som kjendest for dåleg underbygde. Det kann godt vera at dei hev gode grunnar til å setja upp ting som dei hev gjort, men eg vil gjerna høyra um dei fyrr eg lærer masse detaljar um teorien.
Spursmåli øvst i teigen var: er teoretisk lingvistikk berre rar psøydo-vitskapleg teoridyrking utan mål og meining? Er det abstrahering for abstrahering skuld? Lyt me halda upp med det her og no? Heilt utan mål og meining kann det ikkje vera, for mange av desse generaliseringane er forsovidt interessante, og dei prøver jo å laga ein teori som passar med datai som finst der ute (det kann ein kje segja um visse andre teoriar). Men når dryftingane grensar yver til rein synsing utan godt feste i empiri, vert det heile litt meiningslaust. Ein må absolutt må vera glad i abstrahering for å halda på med detta. Abstrakte system er flotte um ein kann ankra eller festa dei i dataen. Men um abstraheringi ikkje gjev nokor forklåringskraft er det litt fånyttes å halda på med.
Kjeldor
"Radical Role and Reference Grammar", Rolf Kailuweit
"Principles of Role and Reference Grammar", Robert Van Valin
"An Overview of Role and Reference Grammar", Robert Van Valin
"The Cambridge Handbook of Role and Reference Grammar" Bentley, D., Mairal Usón, R., Nakamura, W., & Van Valin, Jr,